Foldrøy Speidarlag
Foldrøy Speidarlag starta i 2019 og har sidan vore eit populært tilbod for born i barneskulealder. Speidar er venskap, opplevingar, samarbeid og friluftsliv.
Som speidar kan du vere med på alt frå korte turar og leik i nærområde, til matlaging på bål og spikking. Me har faste speidarmøte kvar veke og arrangerer jamleg turar i nærområdet.
Kontakt gruppeleiar Sigurd Barane for meir informasjon.
Grasrotandelen
Grasrotandelen er ein enkel måte å støtte laget på. Då kan du spele på Norsk Tipping kor 5 % av innsatsen din går direkte til laget – utan at det kostar deg noko ekstra.
Slik gjer du: Logg inn på Norsk Tipping, gå til Grasrotandelen og søk opp laget du vil støtte, eller klikk på knappen under.