Støtt oss
Foldrøy Grendautval og Foldrøy Speidarlag er avhengige av frivillig innsats og økonomisk støtte for å halde aktivitetane i gang. Her kan du lese om korleis du kan bidra, enten ved medlemskap eller grasrotandelen via Norsk Tipping.
Kva støtta går til
- Drift og vedlikehald av Grendahuskjellaren
- Administrasjon av skulebygget
- Aktivitetar for born og unge (speidar, idrett, ungdomsklubb)
- Drift og vedlikehald av turløyper og leikeplassar
- Arrangement som 17. mai, Foldrøydagen, sankthansaften og bygdefestar
- Politisk arbeid og media
- Samarbeid med kommunen
- Informasjonskanalar (Facebook gruppe og nettstad)
Medlemskap i Grendautvalet
Ved å betale ein medlemskontingent vert du automatisk medlem i grendalaget.
Som medlem får du rabatt på leige av både lokale og slushmaskin til private arrangement, du vert invitert til bygdepub og du får vere med å bestemme kva styret skal jobbe med det neste året.
Årskontingent betalast på Vipps #514556 eller overførast til konto 3520.32.29230. Merk betalinga med namn og adresse.
Grasrotandelen
Grasrotandelen er ein enkel måte å støtte laget på. Då kan du spele på Norsk Tipping kor 5 % av innsatsen din går direkte til laget – utan at det kostar deg noko ekstra.
Slik gjer du: Logg inn på Norsk Tipping, gå til Grasrotandelen og søk opp laget du vil støtte, eller klikk på knappen under. Du kan òg støtte Foldrøy Speidarlag.
Takk for at du støttar bygda vår!